Russerådet i Vestland er i gang!

Russerådet i Vestland er i gang!

25.november hadde russerådet i Vestland sitt første møte. 32 vidaregåande skular var representerte i dette møtet. Deltakrane presnetere seg og sin skule.
Russerådet i Vestland er i gang!


Årsjul med felles datoar og aktivitetar vert presentert, det vart også lagt fram utfyllande informasjon rundt nokre av arrangementa.

 

DATO

ARRANGEMENT

UTFYLLANDE INFORMASJON

18.02.2021

Felles foreldremøte for russen i Vestland, digitalt og lokalt på skulen

Det vert felles foreldremøte for alle skulane denne dagen, sending med felles informasjon først, deretter oppmodast skulane til å ha lokal informasjon til sin russ sine foreldre /føresette etter felles sendig  Utfyllande informasjon kjem.

28.04.2021

Dato for russedåp

 

28.04.2021–17.05.2021

Russeklær kan brukast på skulen sitt område

 

29.04.2021

Russerebus eller alternativt arrangement

Dette arrangementet vert det arbeid med å sjå på moglege alternativ for . Det vart presisert frå Trygg Trafikk at dette arrangementet ikkje skal erstatte lokale arrangement, russen vart oppmoda til å nytte seg av lokale arrangement.

30.04.2021

Trafikksikringsarrangement

Det tradisjonelle Grieghallen arrangementet, vert endra. Det skal lagast ei digital sending på ca 50 minutt som vert sendt til alle skulane denne dagen, skulane samlar sin russ innafor dei rammer som gjeld. Enten i klasse eller i kullet. Skulane vert oppmoda til å ha avtale med lokalt støtteapparat denne tida og sette av tid til refleksjon med russen og lokalt støtteapparat etter sendinga. Lokalt støtteapparat kan være politi, ambulansepersonell, helse sjukepleiar. Utfyllande informasjon vert sendt rektor.