Russerebus 2022
- https://vestruss.no/events/russerebus-2022
- Russerebus 2022
- 2022-05-03T00:00:00+02:00
- 2022-05-03T23:59:59+02:00
- Vi inviterer med dette russekullet for 2022 til årets tradisjonsrike rebusløp! Rebusen finn stad ved Statens vegvesen sin trafikkstasjon i Åsane.
- Hva Hovedarrangement
- Når 03.05.2022 (Europe/Oslo / UTC200)
- Nettadresse Visit external website
-
Legg til hendelse i kalendar
iCal
Gratis deltaking og premieutdeling
Deltaking er gratis og russen kan stille både med russebilar, russebussar og sivile bilar.
Det vil bli delt ut pengepremiar til dei som får flest poeng, er med i «edru bilar» og til nokre heldige som blir trekt ut. 50 000,- vil bli delt ut i løpet av kvelden.
Oppmøte
- Det er viktig at alle bilar er på plass ved trafikkstasjonen seinast kl. 16:00.
- Postane blir stengt kl. 19.30 og premieutdelinga begynner kl. 20.00.
Gir ikkje fråvær
Merk at russearrangementet i Grieghallen før på dagen og russerebusen i Åsane vert rekna som skulearrangement, fordi det er avtalt på vegne av skuleeigar. Difor skal deltaking ikkje føre til fråvær.
Arrangørar: Politiet, Vestland fylkeskommune, Statens vegvesen og Trygg Trafikk.
Spørsmål?
Ta gjerne kontakt med Kjell Magne Seim i Trygg Trafikk for meir informasjon.
Han kan nåast pr. tlf. 90 73 49 80 eller epost: seim@tryggtrafikk.no
Påmeldingsside med informasjon om rebusen som no ligg ute her:
https://www.vestlandfylke.no/kalender/2022/russerebus/