Russefeiringa 2021

Russefeiringa 2021

Russefeiringa startar onsdag 12. mai 2021.
Russefeiringa 2021

 

Russen ser fram til feiringa for å markera avslutninga av den vidaregåande skulen. Erfaringane til politiet er at russetida utgjer ein ikkje ubetydeleg risikoaktivitet. Politiet har derfor i mange år arbeidd aktivt saman med skular og andre samarbeidspartnarar for å førebygga kriminalitet og ulykker. Der russen har samla seg har målet vore å sikra ein trygg og sikker avvikling. 

Smittevernråd og tiltak vil i høg grad påverka årets russetid. Folkehelseinstituttet (FHI) har på nettsida si gitt ut sine russeråd (https://www.fhi.no/nyheter/2021/russerad/). Poenget her er å avgrensa talet nærkontaktar og unngå smittefare. Trygd og trygging er med dette endra frå å bli utsett for kriminalitet ved store samlingar, til å unngå å bli smitta av korona og bringa smitten vidare. Dermed blir ansvaret for eiga tryggleik tydelegare lagt på den enkelte russen. 

Dette får konsekvensar for oppfølginga vår av russen i år. Vi føreset at russen følgjer smittevernrådene frå FHI og reduserer talet nærkontaktar og unngår store samlingar. Til dømes vil samling av fleire russebussar, kor medlemmene frå bussane har nærkontakt med kvarandre, vere i strid med smittevernråda. Den enkelte russen må ta eit klart ansvar overfor eigne nærkontaktar utanfor sin russekohort. Vi håper at familien til russen òg er tydelege på dette ansvaret.

Vi ønsker russen ein trygg, sikker og smittefri russetid i små grupper.

 

Helsing politiet i Bergen, Askøy og Øygarden