Tips ved kjøp og sal

Tips ved kjøp og sal

Kva skal me sjå etter ved kjøp av bil eller buss? Kva er krava som blir stilt til køyretøya? Kva ansvar har me som eigarar av eit køyretøy? Bør me ha kontrakt? Her finn du tips som gir svar på spørsmåla!

OBS: Fra februar 2024 kan du finne siste, oppdatert info på Statens Vegvesen sin nettside



Er buss eller bil i same stand som seljar påstår?

Når de skal kjøpe bil eller buss til bruk i russetida kan det vere vanskeleg å avgjere om bussen er i god stand. Derfor bør de ha med ein mekanikar eller fagperson til å hjelpe dykk å sjå etter slitasje, feil eller manglar på køyretøyet. 

Sjå starten av Statens vegvesen sin russebussfilm for å finne ut kva de må tenke på før de kjøper buss: 

 

Det er smart å ha med ein fagperson for å vurdere den tekniske standen på køyretøyet: 

  • Få fagpersonen til å sjå på motor, og vurdere denne, slik at de ikkje får nokon overraskingar på kontroll. Både motor og girkasse er svært kostbart å skifte eller reparere, særskilt på buss.
  • Hugs å vurdere om det er nødvendig med store innvendige ombyggingar av køyretøyet før kjøp. Ved ombygging av køyretøyet, må det søkast om ombygging, og køyretøyet må visast og godkjennast på ein trafikkstasjon etter ombygginga. Ombygging kan både vere tidkrevande og kostbart å få godkjent. Les mer om dette under ombygging
  • Om du kjøper buss som har sidestilte seter må dette vere godkjent frå før. Elles må fabrikant godkjenne, noko som kan vere tidkrevande og kostbart.
  • Hugs at de kan ikkej forvente å få ein standard på køyretøyet som tilsvarer prisen de har betalt. Brukte køyretøy blir selde som dei er.  
  • Ta kontakt med Statens vegvesen og høyr om det er kontrollsedlar på køyretøyet

Prøvekøyr

Det er også viktig at de prøvekøyrer kjøretøyet. Det kan vere med å avdekke feil eller manglar. Dersom de ikkje har førarkort godkjent for køyretøy over 3.500 kg må de ha med ein sjåfør med førarkort i riktig køyretøyklasse.

Krav til sjåførar av kjøretøy over 3.500 kg kan de lese meir om her.

Kjøpstest

NAF tilbyr kjøpstest av bilar. Bestill kjøpstest av russebilen din her.

NAF tar ikkje kjøpstest av bussar. Kjøpstest for bussar kan gjerast hjå merkeforhandlar.

Betaling

Ikkje betal forskotsvis. Betal når avtalen om kjøp er signert. Ofte vil seljar kreve ein form for tryggleik. Då kan de eventuelt gjere ein avtale med seljar om at ein mindre prosentandel av kjøpesum blir betalt ved kontraktsignering (depositum), og det resterande beløpet når de overtar køyretøyet.

Kva skal de sjå etter?

Det er mange ting det er viktig at de sjekkar før de kjøper eit køyretøy. Me tilrår at de har med ein mekaniker eller fagperson som kan hjelpe dykk å sjå over bussen eller bilen før de avtalar kjøp. 

Dette er våre tips til kva de bør sjå etter:

Det er berre lovleg lys som er tillatt utanpå bussen. Hugs å sjekke at alle lys fungerer som dei skal. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen

 

Innvendig og utvendig spegel/lys 

Sjåføren skal ha full sikt til passasjerrom og dører. Frå førarplassen skal det vere god sikt framover og til sidene. Ver klar over at om desse tinga ikkje er i orden må de endre på køyretøyet.

Det er berre lovlege lys som er tillatt på utsida av køyretøyet. Hugs å sjekke at dei fungerer som dei skal.

Bremsar

Når du skal kjøpe eit brukt køyretøy er det viktig å sjekke bremsane. Det er vanskeleg å avgjere om bremsane er gode nok.  Derfor er det lurt å få fagfolk til å sjå etter om bremsesystemet fungerer som det skal. Blant anna kan dei avdekke lekkasje i bremsesystemet, slitne bremsar og liknande. Utskifting av bremsar, særskilt på buss, kan medføre store kostnadar. Eit godt råd er å få kontrollert bremsar på køyretøyet før kjøp, og få eit overslag over dei eventuelle kostnadane.

Bremsane blir òg sjekka på EU-kontroll. Eit bremsesystem som ikkje blir halde vedlike eller jamleg brukt har ein tendens til å gå treigt eller feste seg. Derfor kan du oppleve at eit bremsesystem som tidlegare har blitt godkjent på kontroll, ikkje blir godkjent sjølv om køyretøyet berre har gått ei mil sidan det blei kontrollert sist! 

Motor

 

Sjekk bensin-/dieselslangane i motoren for å sjå etter om dei har skadar eller er tørre og sprokne. Motoren i gamle bilar kan ofte vere skitne av oljesøl og lekkasjar. Er han det, bør de ta ein motorvask for å unngå brann.

Hjuloppheng og dekk

Foto: Knut Opeide,Statens vegvesen

Før du kjøper bør du sjekke dødgangen på rattet. Køyretøyet skal gå rett fram viss du slepp rattet i låg fart. Dreiing av rattet skal ikkje gje ulyd. Sjekk òg hjula på køyretøyet. Krav til mønster på vinterdekk er minimum 3mm. Veg køyretøyet over 3500 kg. er kravet 5 mm, sommardekk er minimum 1,6 mm. Du kan sjekke dekka ved å bruke ein 10-kroning. Sommardekka skal ikkje vere meir slitne enn at hovudet til kongen kjem så vidt innanfor mønsterdjupna! 

Rust

At "gamle bilar rustar mest" er i mange tilfelle riktig. Utbetringar av rust er svært kostbart. Å oppdage rust på køyretøy kan vere vanskeleg. Når køyretøyet er på EU-kontroll blir rust som regel fanga opp. Foto: Knut Opeide,Statens vegvesen

Buss

Det er ofte rammeverket og berande konstruksjonar i bussar som rustar. Denne rusten er det vanskeleg å oppdage om du ikkje er ein fagperson. Å ha med seg en fagperson for å avdekke eventuell rust i berande konstruksjonar er mykje billegare enn å kjøpe ein rusten buss. Blir rusten oppdaga før kjøp kan ein rekna på kva det vil kosta med eventuelle utbetringar. 

Bil

På ein bil vil det vere mulig å avdekke noko rust, men det er som regel rusten du ikkje ser som er kostbart å utbetre. Ha derfor med ein fagperson når du skal sjå på ein bruktbil.

Elektrisk anlegg

Før du går til innkjøp av eit køyretøy kan det vere lurt å sjekke det elektriske anlegget. Det skal ikkje vere nokre lause ledningar, og ledningane skal vere godt isolert, særskilt i motorrommet.

Seter

Før du kjøper eit kjøretøy til bruk i russetida er det smart å sjekke kor mange seter/passasjerplassar køyretøyet er godkjent for. Talet seter i køyretøyet SKAL tilsvare talet seter som står i vognkortet. Dersom de endrar talet sitteplassar, er dette ei større ombygging av køyretøyet og det skal på førehand sendast ein søknad til trafikkstasjonen, og køyretøyet må godkjennast på nytt i etterkant av ombygginga.

Forskjellige køyretøy

Det finnast forskjellig type køyretøy som kan brukast til russebil eller russebuss. Her finn de ei oversikt:

Foto: Janne Schumann,Statens vegvesen

Personbil

Bil for persontransport med høgst 8 sitteplassar i tillegg til førarsete. Ein personbil har tillatt totalvekt på mindre enn 3.500 kg. Dei fleste vanar som brukast som russebil er personbilar og kan køyrast med eit klasse B-førarkort, men pass på å sjekke vekta på køyretøyet i vognkortet før kjøp. Fleire van-ar ligg rett over 3.500 kg, og kan ikkje då køyrast med vanleg førarkort.

 

Foto: Janne Schumann,Statens vegvesen

Buss

Køyretøy for persontransport med over 8 sitteplassar i tillegg til førarsetet.

Kombinert bil

Bil som i hovudsak er innretta for transport av personar og gods. Bilen skal ha minst éi seterad bak førarsetet og ha ein heil, fast vegg mellom førarrom/passasjerrom og godsrom/lasteplan.  

Varebil

Varebil har to til tre sitteplasser foran, skillevegg bak setene og varerom i resten av bilen. Kravet til ombygging av nyare varebilar er strengare. I varebilar som er bygd frå 1999 fram til 2012, godkjennast berre original seteinnfesting og originale bilbeltefester. Etter 2012 er dette endå strangere. Spørsmål om så nye varebiler må rettast til din lokale trafikkstasjon.

Les meir om ulike køyretøy i Kjøretøyforskriften

Formelle krav ved kjøp

For at køyretøyet skal bli registrert på den nye eigaren må de gjere følgjande:

  • Fylle ut salsmelding. Salsmeldinga må fyllast ut av både seljar og kjøpar. Me tilrår at du bruker del 2 i vognkortet som salsmelding. Seljar er ansvarleg for at meldinga blir levert inn til ein trafikkstasjon for at salet skal bli registrert. Les meir om vognkort og salsmelding her
  • Ny eigar må ha med gyldig legitimasjon som førarkort, skattekort eller liknande for å visa fødselsnummeret sitt, 11 siffer. Køyretøyet kan registrerast på inntil to personar. Ein person blir då ståande som eigar og den andre som medeigar. I slike tilfelle må begge også skrive under salsmeldinga ved vidare sal

Undersøk også om det er registrert salspant i køyretøyet i Brønnøysundregisteret på www.brreg.no eller telefon 75 00 75 00.

Statens vegvesen tilbyr køyretøyopplysningar via SMS for å få opplysningar om kven som står oppført som eigar, når køyretøyet sist blei EU-godkjent eller om det er uteståande årsavgift og liknande.

Tast inn REGNR (mellomrom) og registreringsnummeret på køyretøyet du ynskjer å få informasjon om, og send meldinga til telefonnummer 2282 (eksempel: REGNR AB12345). Prisen for tenesta er kr. 3,- per mottatt melding.

Ta kontakt med den lokale trafikkstasjonen din dersom du er i tvil om noko av dette.

Eige eller leige?

Det er eit stort prosjekt å kjøpe ein russebuss. Fleire vel å leige ein buss for russetida, for å sleppe forpliktingane ved å eige eit køyretøy. Det er både fordelar og ulempar ved ei slik løysing.

Viss du skal leige bil eller buss, så er det heilt avgjerande å ha ein god kontrakt. Få ein jurist til å lese gjennom kontrakten for å sjå til at de er dekka på alle moglege område, og for å sørge for at det ikkje kjem skjulte utgifter på toppen av det de har avtalt med utleigar. Det finst både seriøse og useriøse aktørar som leiger ut bussar, sjekk firmaet grundig gjennom Brønnøysundregisteret og ved å høyre rundt om andre har tidlegare erfaringar med firmaet.

Ein utleigar står ansvarleg for at køyretøyet er i forskriftsmessig stand og må ha turvognløyve. Sørg for at køyretøyet du leigar er EU-godkjent og har alle papir i orden. Dersom bussen leigast ut med sjåfør, sjekk også at sjåføren har køyreseddel og førarkort for buss. Utleigar lar dykk ofte måle og dekorere bussen både innvendig og utvendig som de vil. Større endringar og ombygging krev ny godkjenning på ein trafikkstasjon, og er vanlegvis ikkje inkludert i leiga.

Fakta

Turvognløyve

Skal de leige ein russebuss må den de leigar av ha turvognløyve. Turvognløyvet gir eigaren rett til å drive persontransport med køyretøy som er registrert for åtte personar eller meir. Turvognløyvet må visast ved eventuell kontroll av bussen. 

Fakta

Køyreseddel

Leiger de ein sjåfør til russetida må sjåføren ha køyreseddel

Ein køyreseddel er ei stadfesting på at sjåføren får arbeide med persontransport mot betaling. For å få køyreseddel må sjåføren oppfylle krav til førarkort for tunge køyretøy, og oppfylle krav til helse og vandel. 

Eigar sitt ansvar

Eit køyretøy kan ha ein eller to eigarar. Å vere eigar av eit køyretøy inneber eit stort ansvar.

Eigaren av eit køyretøy er ansvarleg for at køyretøyet er i forsvarleg og forskriftsmessig stand.

Skjer det ei ulykke, og køyretøyet ikkje oppfyller dei nemnte krava ovanfor, kan forsikringsselskapet krevje regress.

Det inneber at eigaren må dekke heile eller delar av forsikringssummen. Dersom det er ei alvorleg ulykke med personskadar eller død kan denne summen bli svært høg. Tenk derfor gjennom kven som står som eigar av køyretøyet, og ver sikre på at denne eller desse personane kjenner til ansvaret som følgjer med dette.

Faktura for ubetalte bøter, bommar og liknande blir sendt til hovedeigar av bussen.

Kontrakt på bil og buss

Før de kjøper eit køyretøy saman, er det smart å avklare forventningar om kor mykje tid de skal bruke, kor mykje pengar de skal bruke, korleis de skal bruke pengane, kven på bilen/bussen som er ansvarleg for kva og korleis de handterer uføresette utgifter eller andre ting som kan gå gale.

Foto: Knut Opeide,Statens vegvesen

 

Få dette ned i ein kontrakt, sjølv om de alle er vener i dag. De treng ikkje ein jurist for å få laga ein slik kontrakt. Så lenge de er einige om det som står på papiret og alle har skrive under, så er det eit juridisk bindande dokument.

Under finn de forslag på kontraktar som er brukt av russ i tidlegare kull, som de kan bruke.

Formelle krav ved sal

Dette må de hugse på når de skal selje russebussen eller russebilen:

  • Fyll ut ei salsmelding. Denne må fyllast ut av både seljar og kjøpar. Me tilrår at du bruker del 2. i vognkortet som salsmelding. Du som seljar er ansvarleg for at meldinga blir innlevert til ein trafikkstasjon saman med tidlegare utstedt vognkort del 2. Les meir om vognkort og salsmelding her
  • Eig du køyretøyet saman med ein annan person, må begge skrive under salsmeldinga ved vidare sal.
  • Seljar er ansvarleg for å betale omregistreringsavgift og diverse andre skyldige avgifter, for eksempel ubetalt årsavgift, før sal av køyretøyet.

 

Foto: Knut Opeide,Statens vegvesen

Dersom du som seljar gir mangelfulle eller uriktige opplysningar om køyretøyet du sel, vil du kunne bli stilt ansvarleg for dette. Kjøpar kan i så fall krevje å få kjøpet oppheva, eller å få tilbakebetalt delar av kjøpesummen.

I motsetnad til bil kostar det pengar å vrake ein buss. Det er eigar som får denne utgifta dersom de ikkje får selt bussen, og må vrake den i staden for.

Sjekkliste: Kjøp

Har de hugsa alt?

Ha med mekanikar/fagperson når du skal sjå på køyretøyet for å avdekke feil/manglar
Prøvekøyr bilen/bussen før kjøp, og hugs eventuelt å ha med sjåfør
Sjekk at vekt i vognkortet svarar til førarkortklassen din
Sjekk at tal seter/passasjerplassar er i samsvar med talet som er oppgitt i vognkortet
Kontroller at køyretøyet verkar å vere i samsvar med vognkortet
Undersøk at køyretøyet sitt servicehefte følgjer køyretøyet og at servicar som er gjort, er ført inn i heftet.
Sjekk om bussen er godkjent for taklast og hengarfeste dersom dette er montert og at alle dokument følgjer med. Informasjon om dette finn du også i vognkortet
Undersøk når køyretøyet sist var inne til EU-kontroll
Undersøk om det er utstedt kontrollseddel på køyretøyet eller om eigar er skyldig avgifter
Du må også undersøke om den du kjøpar køyretøyet av faktisk er eigar av køyretøyet
Kjelde: https://www.russpavei.no