Tips ved godkjenning
OBS: Fra februar 2024 kan du finne siste, oppdatert info på Statens Vegvesen sin nettside
EU-kontroll
Alle køyretøy må EU-godkjennast for å kunne brukast i trafikken. Her kan du lese meir om når køyretøyet ditt skal inn til EU-kontroll.
Forvaltningskontroll/ køyretøykontroll
Dette er ein teknisk kontroll både innvending og utvendig av køyretøyet. Denne kontrollen er veldig ein periodisk køyrekontroll (EU-kontroll), men for å få eit russeoblat er det altså krav om ein forvaltningskontroll/køyretøykontroll.
EU-kontroll av personbil og buss
Alle køyretøy må EU-godkjennast for å kunne brukast i trafikken. Så lenge køyretøyet er godkjent innan fristen er det opp til deg som bileigar kor tidleg du ynskjer å gjennomføre EU-kontrollen. Fristen er endeleg, hus å rekna god nok tid til å få gjennomført hovudkontrollen, retta eventuelle manglar og få utført ein eventuell etterkontroll. Statens vegvesen gir som regel ikkje utsetjing på fristen.
Neste frist for EU-kontroll blir rekna ut fra dato når hovedkontrollen blei utført, og ikkje ein eventuell etterkontroll. Om hovedkontrollen blir tatt mindre enn to månader før fristen går ut, vil den opphavlege fristen bli ståande som utgangspunkt for neste kontroll. Den enklaste måten å finne ut når russebilen/russebussen skal EU-godkjennast kan de gjere ved å gå inn på denne lenkja: Sjekk fristen for EU-kontroll.
Avregistrerte køyretøy
Er køyretøyet avregistrert, må du som kjøpar betala eit gebyr før køyretøyet kan omregistrerast og nye skilt utleverast. Skilta har ei leveringstid på cirka tre verkedagar. Ring 02030 for omregistrering eller ta kontakt med din lokale trafikkstasjon.
Fakta
Personbil med maks tillatt totalvekt 7500 kg, og varebil; bilen må ha godkjent EU-kontroll innan fire år etter dato for førstegangsregistrering, og deretter seinast kvart andre år.
Personbil med tillatt totalvekt over 7500 kg og buss; Køyretøyet må ha godkjent EU-kontroll innan eitt år etter dato for førstegangsregistrering, og deretter seinaste kvart år.
For meir informasjon om kor ofte køyretøyet skal til EU-kontroll tilrår me å gå inn på nettsida til Statens vegvesen – intervaller for EU-kontroll.
Forsikring
Før de kan få omregistrert bilen eller bussen de har kjøpt, må de teikne forsikring.
Det er ikkje alle forsikringsselskap som vil forsikre køyretøy som skal brukast som russebil eller russebuss.
Det kan vere lurt å be fleire selskap om tilbod på forsikring. Samanlikn kva du må betale for å forsikre bilen eller bussen, men samanlikn også eigenandel ved skade og andre forhold i forsikringspapira.
Fakta
Prøveskilt
Prøveskilt skal kun nyttast ved flytting av eit køyretøy eller prøvekøyring. Prøveskilt kan berre brukast på køyretøy som ikkje er registrert.
Prøveskilt kan berre brukast til:
Foto: Knut Opeide,Statens vegvesen
- Flytting av køyretøy frå ein stad til ein annan
- Prøving (i samband med reparasjon eller annet)
- Køyring i samband med registrering
- Køyring til gratis kontrollar ved ein Trafikkstasjon
Ved prøvekøyring skal berre eigar og førar vere i bilen.
Prøveskilt kan ikkje brukast til ordinær transport av personar eller gods om ikkje trafikkstasjonen har gitt løyve til dette og skrive det på køyreseddelen.
Det er føreren sitt ansvar å forsikre seg om at køyretøyet er i forsvarleg stand før køyretøyet brukast med prøveskilt.
Ved kjøp av dagsprøveskilt på trafikkstasjonen utstedast det ein køyreseddel som ein må ha med under køyringa og visast i evt. kontroll. Hugs at du må oppgi køyrestrekning.
Gratis kontroll av russekjøretøy
Trafikkstasjonar over heile landet tilbyr gratis teknisk kontroll av russen sine køyretøy. Trafikkstasjonen dokumenterer køyretøyet si innreiing og utforming elles med bilder. Merk at denne kontrollen ikkje erstattar EU-kontroll. EU-kontrollen kan du ta på ein godkjent verkstad eller hjå NAF.
Datoar for russebil- og rusebusskontrollar vil bli lagt ut på Statens vegvesen si nettside så snart dei er klare. Finn ut meir om dette via denne lenkja: https://www.vegvesen.no/kjoretoy/Eie+og+vedlikeholde/russ/gratis+kontroll+av+russekjøretøy
Her kan du òg chatte direkte med Statens vegvesen.
Dette blir undersøkt på ein gratis tryggleikskontroll på trafikkstasjonane:
Gratis kontroll på Jessheim trafikkstasjonFoto: Reidun Sørlie,Statens vegvesen
- Bremsar, hjuloppheng og styring
- Om bilen eller bussen er EU-godkjent
- At seter og belter er montert etter gjeldene bestemmelser
- Taklast/takrigg
- At det er tilstrekkelige med nødutganger, at de kan åpnes som de skal, og at de ikke er sperret
- At materialer benyttet innvendig i kjøretøyet ikke øker brannfaren
- Skarpe gjenstander og kanter/innredning
- Kjøretøyets elektriske anlegg
- Et el. Installasjon (230 volt) er godkjent av autorisert installatør og at samsvarserklæring foreligger
- At det ikke er installert ulovlig horn
Trenger dere tips til hvordan dette gjøres riktig, finner dere all informasjon under Ombygging.
Dersom det er store feil eller manglar vil de få ein mangel-lapp, i verste fall køyreforbod. Eigar av køyretøyet er då ansvarleg for å utbetre manglane, og kome tilbake til trafikkstasjonen for ny godkjenning av køyretøyet.
Her finner de informasjon om gratis kontroll av russebilar og -bussar.
Oblatordning for russ
Russekøyretøy som er godkjent på gratiskontroll får eit oblat. Oblatet skal plasserast i frontruta på køyretøyet, og er eit teikn på at russebussen/russebilen har vore gjennom og fått godkjent på kontroll etter ombygging.
Køyretøy med oblat vil normalt ikke bli utsett for teknisk kontroll i russetida, med mindre det er opplagt at køyretøyet er endra etter godkjenning. Eit slikt forhold vil kunne medføre at oblatmerket blir inndratt og/eller at køyretøyet får køyreforbod fram til utbetringar er gjennomført og godkjent på trafikkstasjonen.
Ved utekontroll vil køyretøy utan russeoblat normalt bli underlagt ein teknisk kontroll utover ein brukskontroll.
Foto: Knut Opeide,Statens vegvesen
Sjekkliste registrering og godkjenning
Har de hugsa alt?
Her har de ei sjekkliste som de kan bruke for å sikre at de har hugsa alt:
Køyretøyet er EU-godkjent
Me er klar over tidspunkt for neste EU-godkjenning
Feil og manglar ved køyretøyet er utbetre av ein godkjent verkstad
Me har nytt vognkort til køyretøyet med riktig eigar, og me har skilt til køyretøyet