Arrangement

Arrangement

Kvart år blir det gjennomført mange arrangement tiltenkt for russen på forskjellige stader i Vestland. To av dei større arrangementa er russerebusen i Bergen og arrangementet i Grieghallen. Her finn du meir informasjon!

Først og fremst vil me oppmode all russ om å delta på lokale arrangement som har dykk som målgruppe. Døme på det kan vere russearrangementet i Knarvik, russerebusen på Voss og forskjellige russearrangement ved dei vidaregåande skular ulike stader i Vestland.

For russ i Bergen og omegn blir det også i 2021 planlagt russerebus. Rebusen finn stad fredag 30. april 2021. Grunna Covid-19 blir gjennomføringa truleg litt annleis enn tidlegare år. Meir informasjon kjem, men set av tida fra kl. 15.00 og utover kvelden. 

Tidlegare på dagen blir det lagt opp til det årlege arrangementet i Grieghallen. Her håpar me både å ha opning for noko fysisk deltaking og at mange skular og russ blir med oss digitalt. 

Meir informasjon kjem!