Russerebus i Bergen avlyst

Russerebus i Bergen avlyst

Vi må med tungt hjarte meddela at det ikkje ser ut til å bli nokon russerebus i Åsane i april 2024.
Russerebus i Bergen avlyst
Ressurssituasjonen i politiet er dessverre ganske fortvilande om dagen, så politiet får ikkje høve til å vera med.
Politiet har vore ein så viktig aktør både som del av planlegging og gjennomføringa av russerebusen at me ikkje er i posisjon til å få til dette utan dei sånn utan vidare. I alle fall ikkje utan at me må leggja ein heil del nye planar for korleis me skal løysa det. Den kapasiteten har heller ikkje me næraste tida.