Som sjåfør har du eit stort ansvar. Du:
- må køyre omsynsfullt, oppmerksamt og forsiktig
- må vere edru og utkvilt
- må sørge for at alle bruker bilbelte der dette er montert
- har ikkje lov til å frakte fleire passasjerar enn det som står i vognkortet
- har plikt til å stoppe dersom du kjem først til ein ulykkesstad
Krav til sjåfør
Dersom bussen krev førarkort klasse D1 eller D, og sjåføren køyrer mot betaling, eller nokon betalar for å vere med bussen, må sjåføren ha køyreseddel og yrkessjåførbevis. Ein køyreseddel er ei stadfesting på at førar oppfyller særskilte krav til vandel og helse. Yrkessjåførbevis dokumenterer at sjåføren har tilstrekkelege kvalifikasjonar til å utføre ein trygg transport. Sjekk derfor at sjåføren har køyreseddel og yrkessjåførbevis.
Køyre- og kviletid og krav til fartsskriver
For sjåførar av tunge køyretøy, slik som russebussar, gjeld krav om kjøre- og hviletid. Det vil sei at sjåføren er pliktig til å ta kvilepausar etter eit bestemt tall timer med køyring. Om du køyrer persontransport med køyretøy for meir enn ni personar medrekna deg sjølv, er du omfatta av regelverket om køyre- og kviletid.
Køyre- og kviletidene til sjåføren vert registrert automatisk i ein fartsskrivar som er montert i køyretøyet. Fartsskrivaren skal kontrollerast kvart andre år. Ver merksam på at denne kontrollen ikkje er inkludert i ein EU-kontroll og må utførast av ein godkjent fartsskrivar-verkstad.