Tips under køyring og rulling

Her følger tipsa våre til køyring og rulling: 

Russ i bil

Foto: Knut Opeide,Statens vegvesen

OBS: Fra februar 2024 kan du finne siste, oppdatert info på Statens Vegvesen sin nettside


 

  • Sørg for å ha sikra last og andre gjenstandar på ein forsvarleg måte
  • Sørg for at alle passasjerar sit på godkjende sitteplassar når bilen eller bussen er i bevegelse
  • Pass på at alle har på seg bilbelte
  • Pass på at sjåføren har fri sikt framover, til sida og bakover i køyretøyet og at kupeen er opplyst (opplyst kupé gjeld berre buss)
  • Hugs at aggregatet skal vere slått av under køyring og helst tomt for drivstoff
  • Ta ansvar for vener og medruss

Rulling, reglar og konsekvensar

Rulling er noko mange russ gjer i løpet av russetida, anten med buss eller bil. Mange russ har med seg småsøsken på rulling med bilen eller bussen. Det er vognkortet som avgjer kor mange passasjerar de kan ha med dykk i køyretøyet.

Blir køyretøyet stoppa i kontroll på vegen er det fleire ting kontrollørane sjekkar, som for eksempel talet passasjerar i bilen eller bussen.

Les mer om hva vi ser etter på kontroll av russebusser og russebiler her

Tipsa våre til rulling:

  • Ikkje ha fleire passasjerar i bilen/bussen enn kva køyretøyet er godkjent for
  • Sørg for at alle passasjerar sit på godkjende sitteplasser og har på seg bilbelte
  • Følg med og ta omsyn når de køyrer rundt, spesielt med tanke på fart og støy
     

 

Sjåfør

Om de har ein russebil eller van, vel de kanskje å dele på køyringa i russetida. Om de har buss, leigar de truleg inn ein sjåfør. 

Foto: Janne Schumann,Statens vegvesen

Det er viktig å velje seg ein god og seriøs sjåfør som tar denne utruleg viktige jobben på alvor, og som er bevisst ansvaret.

Om de køyrer sjølv, er det viktig at den som er sjåfør til ei kvar tid er opplagt og utkvilt, edru og klar over rolla si.  

I dei tilfella der sjåfør blir leigd inn, er det viktig å inngå ein kontrakt. Sjåførane kan ha forskjellige oppgåver og ansvarsområde frå oppdrag til oppdrag eller buss til buss. 

Viss de vel å leige ein sjåfør er det viktig å inngå ein kontrakt. Sjåførane kan ha forskjellige oppgåver og ansvarsområde frå oppdrag til oppdrag eller buss til buss. Derfor er det viktig at de snakkar gjennom dette på bussen eller bilen.  Under finn de eit forslag på ein kontrakt som er utvikla av Skatteetaten.


 

Krav til sjåførar

Det er forskjell på krav til sjåfør av bil og buss.

Felles for alle sjåførar er at dei har alt ansvar under køyring. Uansett.

Felles krav til sjåfør:

  • Sjåføren har også, saman med eigar, ansvar for at køyretøyet er i forskriftsmessig stand og må kunne dokumentere dette ved ein eventuell kontroll.
  • Sjåføren skal kunne vise vognkort og gyldig førerkort for det køyretøyet du fører (oppgitt i vognkortet).
  • Sjåføren har ansvar for at talet passasjerar i køyretøyet ikkje overstig det lovlege talet passasjerar som er oppgitt i vognkortet.
  • Sjåføren har ansvar for å opplyse om at det er påbode for passasjerar å bruke bilbelte.
  • Sjåføren har ansvar for at mindreårige (barn under 15 år) bruker belte.
  • Det er krav om at du stoppar dersom de kjem først til ein ulykkesstad

Dersom de sjølv er utsett for ei ulykke, kan du som sjåfør få eit erstatningsansvar dersom det kan bevisast at du ikkje var aktsam. 

Krav til sjåfør av tunge køyretøy (buss)

I tillegg til det ovannemnte er det strenge krav til sjåførar av tunge køyretøy (bussar). Les gjerne meir om yrkessjåførar på nettsida til Statens vegvesen.

I tillegg til å ha gyldig førerkort for den køyretøyklassen du køyrer og vognkort, må du ha med turvognløyve dersom du køyrer leigd buss, og du må ha køyreseddel dersom du køyrer mot betaling.

Innleigd buss, og buss med mer enn 12 sitteplassar skal ha installert godkjent fartsskrivar og er underlagt køyre- og kviletidsreglementet. Fartsskrivar skal kontrollerast annakvart år, og sjåføren må bruke godkjende diagramskiver/sjåførkort. Ansvaret for at dette blir følgt, ligg hjå både sjåfør og eigar. 

Her kan du lese om krava til køyre- og kviletid. 

Veteranbussar, og bussar med inntil 12 sitteplassar som ikke er innleigd, er fritatt frå køyre- og kviletidsreglementet og krav til fartsskrivar. Fritaket gjeld ikkje om det er montert skrivar i køyretøyet, då skal denne vere kontrollert og bli brukt.

Fakta

Køyreseddel

Leiger de ein sjåfør til russetida må sjåføren ha køyreseddel

Ein køyreseddel er ei stadfesting på at sjåføren får arbeide med persontransport mot betaling. For å få køyreseddel må sjåføren oppfylle krav til førarkort for tunge køyretøy, og oppfylle krav til helse og vandel. 

Fakta

Turvognløyve

Skal de leige ein russebuss må den de leiger av ha turvognløyve. Turvognløyvet gir eigaren rett til å drive persontransport med kjøretøy som er registrert for åtte personar eller meir. Turvognløyvet må visast ved eventuell kontroll av bussen. 



 

Tips til sjåfør av lette køyretøy

Har du aldri køyrt van tidlegare? Då kan det vere lurt å bli kjent med bilen før de legg ut på tur.

Jenter

>>JENTE<<

Foto: Janne Schumann,Statens vegvesen

Fleire tips til sjåførar av lette køyretøy:

  • Test korleis bilen reagerer i svingar og når du bremsar. Ein tung bil med tung last oppførar seg annleis enn ein vanleg personbil.
  • Planlegg køyringa så de alltid har ein edru og utkvilt sjåfør. Sjølv om alkoholen er ute av blodet treng ikkje formen å vere på topp. Viss du er skikkeleg trøytt og uggen tilsvarer dette faktisk å køyre med 1 i promille.


 
Kollisjon

Viss køyretøyet dykkar hamnar i ein kollisjon skal de gjere følgjande:

hjelp1

hjelp2

 hjelp3

Alle foto: Vanja Kodzoman,Trygg Trafikk


 
Først på ulykkesstaden ?

Her kan du sjå ein film om det å vere først på ulykkesstaden. Filmen er laga av Norsk Luftambulanse.


 

Personskade

Det er nesten alltid vanlege folk som er nærast når nokon blir akutt sjuke eller det skjer ei ulykke. Derfor er det livsviktig at du kan sette i gang med for eksempel hjarte-lungeredning til profesjonell akuttmedisinsk hjelp kjem og overtar. Innsatsen din kan meir enn doble sjansen for å overleve ved for eksempel hjartestans.

Her kan du sjå kva du skal gjere i tilfelle personskade.

 


Førstehjelpskurs på heimstaden din? 

Norsk luftambulanse kan halda kurs for alle på bussen eller bilen din slik at alle veit korleis ein skal utføre korrekt hjarte-lungeredning. 

Ta kontakt med Norsk Luftambulanse på telefon: 64 90 43 00/ e-post: medlem@snla.no

Kura blir halde for minst 10, helst 15 deltakarar som er eller vil bli medlemer i Norsk Luftambulanse. Norsk luftambulanse stiller med kurshalder og ordnar dei praktiske detaljane rundt kurset etter nærare avtale med deg.

Gå til www.norskluftambulanse.no for å lese meir.


Fakta

Hugs å polstre alle skarpe kantar og gjenstandar i køyretøyet etter ombygging.

Dette blir kontrollert på trafikkstasjonane. Er ikkje skarpe kantar og gjenstandar i køyretøyet polstra kan de risikere å ikkje få godkjent køyretøyet, i tillegg til at det kan føre til store personskadar.



 
Motorstopp

Viss de får motorstopp skal de gjere følgjande:

Alle foto: Vanja Kodzoman,Trygg Trafikk



NB! Vurder situasjonen undervegs. Må køyretøyet evakuerast eller kan passasjerane opphalde seg i køyretøyet til hjelpa kjem? Sørg uansett for at alle held seg inne i køyretøyet eller utkanten av vegen slik at de unngår fleire personskader. 

Det er sjåføren som har ansvaret for å handle riktig viss ein slik situasjon oppstår. Me tilrår at de i tillegg til sjåføren har ein ansvarleg på bussen til ei kvar tid, som veit kva de skal gjere viss ein slik situasjon oppstår. Det er viktig at de har snakka gjennom korleis de løyser det på bussen eller bilen. 

Kostnadar for reparasjon

Å reparere/skifte motor eller andre viktige delar av eit kjøretøy kan vere svært kostbart. Før russetida er det smart at de som delar russebuss eller russebil avklarar korleis de skal dele utgiftene viss motoren eller andre delar av bussen ryk. 

 
Brannfare ved køyring

Har de eit 230 volts straumanlegg i bussen, trengst det eit aggregat for å drive dette. Eit aggregat fører også med seg brannfarleg drivstoff.

Derfor er det viktig at de: 

 

1. Veit korleis aggregatet og drivstoffet skal oppbevarast, transporterast og brukast

2. Er klar over kor brannsløkkingsapparatet står i eit nødstilfelle. 

Unngå også bruk av levande lys i køyretøyet. Viss det byrjar å brenne i ein gammal bil eller buss, tar det berre eit par minutt før den er overtent. 

 
Aggregat og drivstoff

Dette må de hugse på viss de har eit aggregat:

 


  • Det er ikkje lov å bruke aggregatet under køyring, berre når bussen står stille. Dette er sjåføren sitt ansvar.
  • Det beste er å oppbevare og bruke aggregatet utanfor køyretøyet, gjerne på ein eigen tilhengar.
  • Viss de oppbevarer aggregatet i bussen, må det plasserast i eit gasstett rom og isolerast sånn at strålingsvarmen ikkje kan antenne anna material eller drivstoff. Eksosen må førast ut av køyretøyet sånn at den ikkje kan sive inn i passasjerrommet. Eksos i passasjerrommet kan føre til kullosforgiftning, og i verste fall død.
  • Sørg for at det ikkje er bensin eller diesel på aggregatet under transport. 

Lagring av drivstoff til aggregat

Det er ikkje lov å lagre diesel eller bensin i passasjerrommet i russebilen eller russebussen.

Inntil 1000 liter drivstoff kan transporterast i godkjende kanner som oppbevarast i eit eige rom som er åtskilt fra passasjerrommet. Kannene skal vere lukka under transport, og skal vere sikra sånn at dei ikke kan bevege seg, velte eller falle.

Pass på å ikkje røyke eller bruke open flamme i nærleiken av drivstoff.



 
Brannsløkkingsapparat

I buss er det krav om å ha brannsløkkingsapparat. I bil er det tilrådd. Uavhengig av kva slags køyretøy de har, er det lurt å ha eit brannsløkkingsapparat.

Det er viktig å ha eit solid feste utan skarpe kantar til brannsløkkaren, sånn at verken festet eller brannsløkkaren skadar passasjerane ved ein eventuell bråstopp.

Det kan og vere lurt å ha ein røykvarslar i køyretøyet sjølv om dette ikkje er påbode, spesielt viss de skal sove i bilen eller bussen.

Buss

 


Brannsløkkingsapparat må vere plassert nær føraren og lett tilgjengelig på godt synleg stad. Det er viktig at alle vet kor brannsløkkingsapparatet er og korleis det verkar. Apparatet skal godkjennast kvart år av eit kompetent firma.

Det er krav om brannsløkkingsapparat i køyretøy med over 9 sitteplassar (buss). I bussar med opptil 22 seter i tillegg til førarsetet, er det krav om minst éin handsløkkar med minimum 2 kg pulver.

For bussar med 23 sitteplassar eller meir, er det krav om minst éin handsløkkar med minimum 6 kg pulver.



 
Kva ser Statens vegvesen og Politiet etter på kontroll?

Kvar vår er Politiet og Statens vegvesen ute på vegen for å stoppe og kontrollere russekøyretøy. For at kontrollane skal gå raskt og enkelt, er det viktig at de samarbeider og kan vise fram alle nødvendige dokument som vognkort og førarkort. 


Det er sjåfør og eigar som skal vise fram dei nødvendige dokumenta, og det er berre desse personane kontrollmyndigheitene ønsker å forhalde seg til under ein kontroll.

Det kan vere smart å ta kopi av alle viktige dokument, så de er sikre på at det ikkje blir borte. Vognkort og løyver skal alltid følgje bilen eller bussen, her må originale dokument visast fram. Kopier blir ikkje godtatt. 

Desom bilen eller bussen dykkar har russeoblat gjennomførast vanlegvis berre ein brukskontroll. I ein brukskontrall sjekkar kontrollinstansen tal passasjerar i bilen, beltebruk, sikring av last, kontroll av begjæringer og liknande. 

Dersom bilen eller bussen ikkje har oblat, vil det bli gjennomført ein større teknisk kontroll av køyretøyet i tillegg til ein brukskontroll. 

Les meir om oblatordninga for russebussar og russebilar her



Interne køyrereglar

Det kan vere lurt å ha interne køyreregler som de blir einige om i fellesskap. Køyrereglane seier noko om korleis de skal ha det i bilen eller bussen på tur. 


Eksempel på køyrereglar kan vere:

  • Under køyring skal alle sitje på godkjende sitteplassar og bruke sikkerhetsbelte
  • Det skal alltid vere ein eller to som er edru som kan hjelpe sjåføren å halde ro. Ansvaret for dette blir rullert. 
  • Ikkje forstyrr sjåføren
  • Før vi køyrer, tar vi ein sjekk på at alt av lause gjenstandar er godt sikra
  • Det er ikkje lov å røyke i bussen


 
Lovverk ved kjøring

I Vegtrafikklovens §3 står det:

"Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret. Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.

Lovverket legger klare føringer for ansvaret til sjåføren av et kjøretøy.

Men lovverket sier også noe om hvilke krav som stilles til deg som passasjer i bil eller buss:

  • Alle passasjerer over 15 år er selv ansvarlig for å buke bilbelte og sitte i godkjente sitteplasser. 
  • Ved kontroll kan passasjerer over 15 år bli bøtelagt kr 1.500,- for manglende bruk av bilbelte. 
  • Hvis barn under 15 år ikke bruker bilbelte bil sjåføren anmeldt.


 
Sikring av last

Under køyring er det viktig at all last er sikra slik at den ikkje forskyv seg eller fell av når de køyrer. Viss lasta ikkje er skikkeleg sikra vil den under ein bråstopp eller ein kollisjon kunne føre til store skadar.

Alle lause gjenstandar i kupeen kan vere til fare for dei som oppheld seg der. 

Eksempelvis kan ei laus kasse på 20 kg få ei vekt på 1250 kg ved ein bråstopp i 50 km/t. Det er ikkje sikkert at de tenker på høgttalarar, forsterkarar eller ølkasser som lause gjenstandar, men desse må vere solid festa for å ikkje løysna ved ein bråstopp.

Ta ein kikk på den svenske videoen under som viser alt de bør tenke på når de pakkar bilen eller bussen.

 







Kilde: https://www.russpavei.no