Til russen i Vestland

Til russen i Vestland

Skap opplevingar saman og sprei glede!
Til russen i Vestland

Det er også svært viktig å ikkje vere redd for å gjere feil, jo det utviklar eit kvart menneske og krydrar livet. Det «perfekte» liv finnast ikkje og bør hell i oppstå, nedturen vert dess verre når den kjem, tru meg og den kjem attimellom. Står ein på saman og har trua og lyttar til andre som har noko å bidra med som grunngjev dei synspunkt, ja ta det med dykk på vegen.

Ikkje bruk for mykje tid på dei som berre ser problem og gjev negativ energi. Bruk tida på dei som snakkar med deg og ikkje om deg (dei er umogleg å stole på, og lyttar heller ikkje til ditt gode bodskap. Dei er berre ute etter å finne feil hjå deg og lage drama og skandale). Verda er tøff og samfunnet er komplekst. Vi har alle utfordringar i livet, men tenk på dei som har det verre og har sterke avgrensing for utvikling. Dei unge i dag er svært begava, omsorgsfulle, høflege, og vaksne.

Dei har likevel bruk for oss vaksne, ja og vi må og kjenne vår rolle overfor ungdom og unge vaksne. La avgangselevane få feire og feile litt, men vis dei at det å gjere same feil om att ikkje fører så godt fram, men då vil ein etterkvart byggje erfaring som legg kvalitetsbasert utvikling i. Del opplevingar og fakta, ja det byggjer «kompetanseflyt» og bidra i gjengen og ta alle med, det vil plutseleg kome eit frisk pust som de vil verdsetje høgt for dykkar framtid.

Ha ei fin russetid i vår spennande samfunn og trafikktryggleik er ein stor del av dette då vi alle deltek i dens aktivitet med ulik kompetanse, men det meste fungerer og de unge har hatt best utvikling (vi heiar på de) på dødsrisiko. Vi vaksne kan ta oss saman og tenkje at vi skal vere gode rollemodellar. Det er de unge vaksne for ungdom og vidare er ungdom det for barn, ja ikkje minst den ressurs besteforeldre bidreg med i dag (synergi). Alt hengjer saman med alt.

VI ER BERRE MENNESKE og alle er like mykje verd.

Ta vare på kvarandre og respekter at vi er forskjellige.

God 17. Mai 22

Alle gode tankar til Russen i Vestland. Helsing Trygg Trafikk Vestland».